Kvifor timebestilling?
Vi kan ikkje ha lange køar ute i kulden - som det kanskje er i november. Difor må du bestille time på førehand.
Vi legg opp til timebestilling på nett (dei som ikkje får det til kan ringe legesenteret)
Korleis bestille time?
Logg deg inn på Pasientsky - (nb! Ikkje Helsenorge).
Velg ny time, og velg hovedkontor/legesenteret som lokasjon. Når du kjem til punktet der du skal velge behandlar, så vel du “vaksine”, deretter vel du ein av ei fire oppsette datoane, og til slutt vel du klokkeslett, og avsluttar med å bekrefte bestillinga.
Møt opp til det tidspunket du har bestilt, og ikkje lenge før.
Vi har eit visst antal plassar pr bolk, og alle må vente inne i 20 minutt etter vaksineringa.
Vaksinedagar
Måndag 16. november kl 17-20
Onsdag 18. november kl 17 - 20
Måndag 23. november kl 17-20
Onsdag 25. november kl 17-20
Prisar
*) Prevenar er vaksine mot lungebetennelse/pnemukokk, vert tilbydd til personar født i 1960 og 1961
Betaling
I år nyttar vi bankterminalen for betaling. Det vil stå ein person ved terminalen og hjelpe dei som har behov. Hugs å ta med deg bankkort.
Du kan også få faktura slik som før.
Meir informasjon om vaksinering?
Gå til FHI si nettside og finn ut meir om vaksenvaksinasjonsprogrammet