Unngå spreiing av framande artar frå hagen din

Viktig påminning frå miljødirektoratet. 

Sørg for at plantane du har i hagen din ikkje sprer seg vidare i naturen. Å kaste hageavfall i naturen er forbudt

Du kan behalde alle plantane i hagen din, inkludert framande artar så lenge dei ikkje sprer seg ut i naturen utanfor hagen din. 

Mange av dei uønska framande plantane i norsk natur har spreidd seg frå hagene våre, difor kaller vi dei hagerømlingar.  Sjølv om mange hageeigarar dumpar hageavfall i naturen, så er det faktisk forbode. Det gjeld alt hageavfall, også det som ikkje inneheld framande arter.

Spreiing av framande artar er rekna som ein trussel mot naturmangfaldet. Artane som har størst potensiale til å føre til skade på naturmangfaldet står på den såkalla svartelista. Nokre av dei best kjente svartelista artane er: hagelupin, parkslirekne og rynkerose. 

Hagevettreglane frå miljødirektoratet

Informasjon frå Nomil om Hageavfall og framande artar