UNGjobb - møte om ungdom og jobb
UNGjobb er eit prosjekt som Gloppen ungdomsråd (GUR) har tatt initiativ til fordi dei ønsker at fleire ungdomar, også ungdomsskuleelevar, skal få prøve seg i jobb. Som ein del av prosjektet lyser kommunen ut nokre små sommarjobbar meint for ungdom frå 13 til 17 år.
Onsdag 29. april kl.19.00 skal det vere infomøte om UNGjobb i kommunestyresalen. Vi inviterer unge som vil ha sommarjobb, foreldre, samt bedrifter og privatpersonar som kan ha små eller store jobbar å tilby ungdom.
Ingen påmelding - berre møt opp!
Temaet for møtet er det å ha ein jobb, og det å vere arbeidsgivar for ungdom
Nokre lurer kanskje på kva reglar som gjeld, kva slags arbeid som er aktuelt og kva som er lurt å tenkje på. Vi har med oss både Veronica Hauge, som har mange års erfaring som arbeidsgivar for ungdomsskuleelevar, og Landbrukstenester Nordfjord som kan fortelje og svare på spørsmål. Per Arne Strand vil informere om dei kommunale sommarjobbane som er lyst ut. Vi skal også snakke om korleis en kan engasjere ungdom til små jobbar i hus og hage, og kva reglar som gjeld for det.
Vi håper på ein god dialog som kan gjere at fleire unge får sommarjobb! Møt opp, så møter du kanskje nokon som kan tilby deg ein jobb! - Eller nokon som kan gjere ein jobb for deg!
UNGjobb-tavla
I servicetorget på Heradshuset heng det ei oppslagstavle over ein sofa. Her kan både unge som leiter etter ein jobb, og personar og bedrifter som har jobbar å tilby henge opp lappar. Treng du nokon til hagearbeid, husvask eller andre prosjekt kan du henge opp ein lapp på eine sida av tavla. Leiter du etter jobb kan du skrive kva du kunne tenke deg, namn og nr. og henge det på andre sida.

Publisert 17.04.2026 15.43