TV-aksjonen 2026 | Søndag 18. oktober

TV-aksjonen søndag 18. oktober samlar inn midlar til NRC Flyktninghjelpen. Ver med å bidra til at over 400 000 menneske på flukt i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo kan få ein trygg heim, og håp for framtida. 

gutar i syria med sykkel - Klikk for stort bileteWalid Ali (11) får hjelp av fetteren Hayel Kilani (13) til å lære å sykle utenfor Damaskus 2026. Tareq Mnadili, NRC Flyktninghjelpen

NRC Flyktninghjelpen

Dette er Noreg sin største humanitære organisasjon. Dei gjev nødhjelp og kjempar for rettane til mennesker som er på flukt i verdas verste kriser. Pengane som kjem inn gjennom TV-aksjonen skal gå til nødbustadar, midlertidige heimar, varige heimar, vatn, sanitær og juridisk hjelp. 

I 2025 bistod 14.000 hjelpearbeidarar frå NRC Flyktninghjelpen 10,6 millionar menneske i 38 land.  Målet til organisasjonen er  å hjelpe folk til å klare seg sjølv. Dei samarbeider med andre slik at dei kan hjelpe fleire, og jobbar for å få til langsiktige løysingar. 

Bli bøssebærar

For å sikre at alle husstandane i Gloppen skal få besøk treng vi mange bøssebærarar. Bli med å gå den viktigaste søndagsturen i året. 

Registrer deg som bøssebærar på tvaksjonen.no

Fleire måtar å bidra på

Også lag, organisasjonar, skular, barnehagar og bedrifter kan engasjere seg. De kan til dømes arrangere ein aktivitet, starte ei digital innsamling eller gje eit bidrag.

Du kan også støtte aksjonen ved å:

  • gje eit valfritt beløp på Vipps til 2133 
  • sende sms TVA til 2133 og gje 350 kroner 
  • gje eit bidrag gjennom giversida til TV-aksjonen 


TV-aksjonen har samla menneske over heile landet til dugnad sidan 1974. Søndag 18. oktober håpar vi at mange i Gloppen vil vere med – anten som bøsseberar, gjevar eller lokal støttespelar!

Saman kan vi gi menneske på flukt ein tryggare heim og håp for framtida.

Kontaktperson i Gloppen

Jan Ove Rygg

E-post: jan.ove.rygg@gloppen.kommune.no

Telefon: 90 27 73 77