Trygg Trafikk: Pakk smart!

I juni er fleire ute på tur i trafikken, og fartsnivået auker generelt når det er bart og fint. Mange av oss startar ferien med fullpakka bil. Utanlandske turister er på vegane, medan unge og eldre susar rundt på tohjulingar – både med og utan motor. 

Difor ynskjer vi å minne om at gode val vi tek i trafikken, aukar sikkerheten i kommunen.

Pakk bilen riktig

Vi vil også trekke fram kor viktig det er å pakke feriebilen riktig. Lause gjenstander kan utgjere stor risiko.

  • Planlegg pakking av bilen og legg tunge gjenstander nedst og inntil seteryggen. 
  • Husk at ein laus gjenstand «blir tyngre» når den får fart ved en bråstopp. Har barna iPad, benytt testa iPad-holdarar til bil. Det er ein billeg forsikring. 
  • Ein enkel huskeregel: Dersom du ikkje vil ha gjenstanden i hovudet fra 2. etasje, bør den sikrast.  
  • Set mobilen i bilmodus og fokuser på køyringa. 
  • Sjå fleire sommartips til bilturen!