Trafikksikker kommune: Snart er det skulestart - ta vare på dei minste!

Neste veke er det skulestart, og det betyr at mange små trafikantar skal tilbake på vegen, til fots, på sykkel og kanskje sparkesykkel. 

Ein trygg skuleveg, og kome seg trygt til skulen er viktig for alle. For barna, foreldrene og for alle trafikantane som ferdast rundt.  

Saman med Trygg Trafikk og trafikksikker kommune set vi fokus på trygge skulevegar i August!

Har du barn i skulealder - Her er nokre tips å ta med seg

  • Øv på skulevegen. Prat om det som skjer langs vegen, og snakk om situasjonar som kan oppstå, tenk på siktsoner og hekkar.
  • Føl barna til skulen, gå saman og bytt gjerne på med andre vaksne
  • Vel den tryggaste vegen - sjølv om den kan vere litt lengre
  • Sykle. Barn bør vere 10-12 år før dei syklar aleine i trafikken
  • Køyre til skulen? Vurder om du kan stoppe eit stykke frå skulen, og la barnet gå den siste biten aleine eller gjerne saman med andre barn. 
  • Buss til skulen? Hugs at det er påbudt å bruke belte i buss. Brukar ein ikkje belte i buss, og bussen havnar i ei ulykke blir ein mest truleg slengt rundt i bussen, og kan skade deg sjølv og andre
  • God tid. Hastverk og stress kan skape unødvendige situasjonar. Planlegg god tid, og ha det hyggelig saman

 

Trygg skuleveg er viktig TryggTrafikk