Trafikksikker kommune: Hjelm er aldri feil i fart

Dagane blir lysare, og mange av oss leitar fram sykkelen igjen etter ei lang vinterdvale. Før du legg ut på tur, anten til skule, jobb eller fritid er det viktig at utstyret er i god stand. 

Sjekkliste

Ein enkel vårpuss av sykkelen gjer turen både meir behagelig og tryggare. Sjekk lufttrykk, bremser, kjede og lys! Med sjekklista frå Sykkeldyktig blir det lett å ta ein gjennomgang av sykkelen. Sjå sjekklista her

Bruk hjelm

  • Fleire skadar seg på sykkel. Tal frå helsetenesta viser at mellom 3400-7900 syklistar skadar seg kvart år. 
  • Mange slit med langvarige hovudskader
  • Riktig bruk av sykkelhjelm reduserer risiko for hovudskade med meir enn 50 prosent
  • Om alle brukar sykkelhjelm kan vi unngå opptil 1000 hovudskader kvart år

Hjelm er avgjerande for å begrense skade. Hugs at hjelmen skal sitte godt, vere rett justert og ikkje voret utsett for støt tidlegare.  Slik festar du hjelmen riktig. 

Trygg trafikk