Trygg Trafikk
Til deg som forelder til barn som skal gå eller sykle til skule
- Øv saman med barnet på skulevegen – prat om det som skjer langs vegen og situasjonar som kan oppstå.
- Følg barna til skulen – og bytt gjerne på med andre vaksne.
- Velg tryggaste veg – Sjølv om den er litt lenger.
- Sykle saman – Barn bør være 10–12 år før dei syklar aleine i trafikken. Hugs hjelm, og at den er tilpassa skikkelig!
- Skal du køyre barnet til skulen? Vurder om du kan stoppe litt vekk frå skulen og la barnet gå det siste stykket aleine eller saman med andre barn.
Skal barnet ditt ta buss?
- Snakk saman om bruk av bilbelte i buss, dette er påbudt for alle
- Dersom ein ikkje brukar belte og bussen blir involvert i ei ulykke, kan ein bli kasta rundt i bussen og skade både seg sjølv og andre.
Har du hage og har hekken din vokst seg høg?
Om du eig eller disponerar ein eigedom med avkøyrsle til veg eller gang- og sykkelveg har du ansvar for å sørge for fri sikt ved di avkøyrsle og mot vegkryss! Du må sørgje for at gjerder og beplantning er så lavt at alle kan gå, sykle og køyre trygt forbi eigedomen din. Høgda på hekk og gjerde skal ikkje overstige 0,5 meter over gateplan i frisiktsona.
Kva må du gjere?

Klipp anten hekken din slik at den er lavare enn 0,5 meter (alternativ 1), eller flytt gjerdet eller hekken utanfor frisiktsona. Frisiktsona er merkt med rosa i illustrasjonen (alternativ 2).
Det må være 3 meter fri sikt inn i avkøyrsla. Det betyr at når du står 3 meter inn i avkøyrsla di, skal du kunne se midten på gang- og sykkelvegen 30 meter til kvar side. Merk at frisiktsona bør være over 30 meter hvis gang- og sykkelvegen heller og syklistane held høg fart.