Det kan derfor vere nyttig med litt opplysande informasjon:
Det er i regelen ca 3 minutt mellom kvar gong du får grønt lys.
Men lysa er også utstyrt med sensorar som registrerer bilane som passerar. Dersom noken køyrer på raudt lys, registrerer sensoren dette og forlengar ventetida for dei som ventar på grønt lys i andre enden, slik at den «ulovlege» passeringa skal kome seg gjennom utan å møte motgåande trafikk, fordi det ikkje er plass til dette.
Men sensoren kan også hjelpe til kjappare passering: dersom det ikkje er ventande bilar på motsett side, vil du få grønt lys med ein gong.
Desse lysa har fungert godt på meir trafikkerte vegar enn skogsbilvegen i Fjellbygda, så vi har god tru på at dei skal klare å ta unna lokaltrafikken i Fjellbygda og.
Grunnen til trafkklysa er at Fjellbygdevegen vert stengt frå tysdag 9.september kl 9:00 for all trafikk
Vegen vert stengt i veke 37-38 og 39, det vil seie frå 9. til 28. september
Ny tilkomst til Fjellbygda er vid den nye skogsvegen som går frå Ryssfjærevegen., og det er denne som er lysregulert.
