Gjennom prosjektet Gatelangs har han etablert eit frivillig initiativ som rettar seg mot rusavhengige og menneske i vanskelege livssituasjonar. Arbeidet er organisert som ei allmennyttig og frivillig satsing med tydeleg sosial profil .
Gran sitt bidrag handlar ikkje om store ord. Det handlar om handling.
Han skaper små, konkrete lysglimt i kvardagen
- varme kle eller eit par sko
- eit måltid
- ein samtale
- ei oppleving av å bli sett
- gir ei musikk eller ei kulturoppleving
Dette er kjernen i ein rikare kvardag.
Han byggjer fellesskap
Han møter menneske der dei er. Uten krav og med respekt.
Det skaper tillit. Det skaper verdigheit.
Han gjer det nære stort
Arbeidet hans skjer lokalt, men treff ei nasjonal utfordring.
Han viser at også små lokalsamfunn kan bety noko midt i verda når ein samarbeider og løfter i lag.
Han inspirerer andre
Gatelangs engasjerer næringsliv, frivillige og viser at enkeltpersonar kan gjere ein forskjell.
Det er ekte mobilisering av lokalsamfunnet. Sonen Erik Pele er og blitt sterkt engasjert i arbeidet med Gatelangs.
Han løftar dei som fell utanfor
Visjonen om ein rikare kvardag gjeld alle.
Gran sørgjer for at også dei mest sårbare blir inkludert.
Torbjørn Gran gir ikkje berre hjelp. Han gir menneske verdi, håp og tilhøyrsle.
Det er ein rikare kvardag – i praksis.
Vi gratulerer Torbjørn med velfortjent pris.
Årets Gloppar 2025, Torbjørn Gran, fekk eit maleri med tittelen "toppen av isfjellet" malt av Ragne Mari R. Kandal. Prisen vart delt ut av ordførar Arnar Kvernevik og næringssjef Knut Roger Nesdal
Pål Djupegot