Temakafé for Kreftråka, Pårørande og Etterlatne

Velkomen til Temakafé for kreftramma, pårørande og etterlatne i Gloppen. Denne gangen skal vi vere i Sandane kyrkje, onsdag 2. september frå kl 19.00-21.00

Tema for kvelden

Immunterapi, ei revolusjonerande behandling innan kreftbehandling dei siste 10 åra.
Overlege Liv Iren Hansen Vinnem deltek digitalt. Ho jobbar til dagleg på Kreftklinikken på Haukeland, har vore tilsett der sidan 2018. Dei siste fire åra har ho hatt fokus på brystkreft og føflekkreft (malignt melanom). Ho vil snakke om kva immunterapi er, korleis det vert brukt og biverknadar av medikamentet.

Underholdning

Musikarar frå Gloppen Musikkfest deltek med musikalsk innslag, ein tradisjon som vi er svært glade for. Det blir også som vanleg kaffiservering og "god søg". 
Kreftsjukepleiar deltek om nokon ynskjer å snakke med henne. 

Merk møtestad

Denne kvelden møtast vi i Sandane Kyrkje (Arbeidskyrkja).
Vonar at mange finn vegen hit denne kvelden.

Om Temakafeen

Om nokon treng meir informasjon om Temakaféen, sjekk Kreftforeningen si nettside: 
Temakafé for kreftramma, pårørande og etterlatne i Gloppen – Kreftforeningen

Temakaféen møtast nokre onsdagar i året med sosialt samver og faglege tema. Vi har ingen krav til medlemskap eller frammøte, kom når du kjenner for det. Temakafeen er støtta av kreftforeningen og er eit samarbeid mellom frivillige og helse- og velferdstenesta i Gloppen kommune.

Ansvarsgruppa ved kreftsjukepleiar Elin Katrin Raad.