Å vere den som ofte må møte omverda, sørge for at familien fungerar, forklare til born og unge, vere støttesteinen, er ikkje alltid like lett når familien vert ramma av sjukdomen.
Korleis har du det som pårørande eller etterlaten? Kjem dine problem, di helse eller dine tankar nokon gong fram i dagen?
For oss i Temakaféen er dette ei særs viktig sak. Ein gong i året er det difor høve til å diskutere og ta opp saker som råkar dei pårørende eller etterlatne særskilt. Saker som ein kanskje ikkje har samvit til å ta opp direkte med dei der heime, men som likevel veg tungt. Kanskje opplever andre verda likeeins, og det kan vere godt å høyre at andre har det på same måten.
Pårørande og etterlatne møtast på Felleshuset.
Kreftsjukepleiar vil vere til stades.
Det vert servert kaffi, og har de nokre godsaker frå julebaksten til overs, ta med ein smak til fellesbordet.
Temakaféen er støtta av Den Norske Kreftforening.
Vel møtt
Ansvarsgruppa