Temakafe for Kreftråka, Pårørande og Etterlatne

Onsdag 3. desember, frå kl 19.00-21.00
Stad: Felleshuset, Gotevegen 89 Sandane

På desembersamlinga inviterer vi til pizza og sosial kveld. Steinar Engelbrektsen underheld. Han er spelemann og har med seg musikk og gode historier.  Steinar sitt livsmotto er "Musikk gjer folk friskare". Han har jobba med musikk ilag med personar med utviklingshemming og demens, og har erfaring med kor mykje musikk kan bety for den einskilde. 
Alle er hjarteleg velkomne. 
Ved spørsmål, kontakt Gloppen kommune  ved Anita Lothe.