Temakafe for Kreftråka, Pårørande og Etterlatne

Det er ei tid for alt, og no er det tid for avslutting av sesongen. Vi fortjener litt ekstra no når vi har lagt ein travel haust og vinter bak oss. Temakafeen er eit tilbod for dei som er råka, er pårørande eller etterlatne i samband med kreft. Vi møtest ein gong i månaden til godt samvær, godt søg, litt fagleg og litt skjemt. Temakafeen samarbeider med Kreftforeningen.
 

Onsdag 4 juni tek vi turen til Ryssfjæra for å kose oss ved brygga ved den vakre Nordfjorden. Ryssfjæra var før i tida eit viktig knutepunkt for Glopparane som budde på nordsida av Nordfjorden. Til å fortelje litt om dette kjem Aage Føleide, som og har vore aktiv i arbeidet med å restaurere kaiområdet. Etterpå skal vi kose oss med litt varm mat, samt kaffi og godt søg. Vi vonar så mange som mogeleg nyttar høve til å bli med på siste treff før sommaren. Ta med fiskstong, kanskje blir det fisk til middag dagen etter?
Er du ny og har lyst å freiste dette tilbodet, er dette eit godt høve til å treffe likesinna.
Her kan du og få meir informasjon om arbeidet til Temakafeen.

Grunna matservering, må vi ha førehandspåmelding innan tysdag 3. juni til Odd Eikenes, telefon eller sms: 900 72 491. 
Oppmøte ved Felleshuset onsdag 4. juni kl 18.30 (Ryssfjæra frå kl 19-21).