Vi skal få nyttig fagleg påfyll, høyre erfaringar frå dyktige produsentar, og bli betre kjende med kvarandre i bærmiljøet i Nordfjord.
Tid: Fredag 29. til laurdag 30. mai
Reisemåte: Minibuss
Pris: Ca. kr 3000,- (prisen er inkl. overnatting i enkeltrom på Lægreid Hotell i Sogndal, frukost/lunsjar og transport. Men pris kan variere mtp antal påmelde)
Prosjektet spanderer middagsbuffet fredag kveld.
Påmeldingsfrist 8. mai
Vi har framleis ledige plassar. Påmeldingsfrist 8. mai, førstemann til mølla! Og ta gjerne med ein ven.
Meld deg på pr e-post: jofrid.brennseter@gloppen.kommune.no
Hugs å opplyse om ev. allergiar/andre behov vi må ta omsyn til.
Spørsmål? Ta kontakt på e-post eller telefon.
Førebels program:
Fredag 29. mai
- Avreise Sandane kl 10.00
- Njøs frukt- og bærsenter kl 12-14
- Lerumfabrikken kl 15-17
- Til hotellet: Middag kl 18 og sosialt opplegg utover kvelden
Laurdag 30. mai
- Avreise frå hotellet kl 08.30
- Ola Hopperstad, Vangsnes, kl 09.30-11.30: Jordbær friland + tunnel og Langskot bringebær
- Elin Falkgjerde, Njøs, kl 12.30-14.30: Bringebær
- Avreise ca. kl 14.30
- Ankomst Sandane ca. kl 17