Sommaravsluttning - Temakafe for kreftråka, pårørande og etterlatne

Onsdag 3. juni, frå kl 19.00-21.00
Stad: Solheimssmia, Øvrevegen 31.

Så er tida for sommar og sol her igjen. Vi i Temakaféen har hatt ein god vinter og vårsesong, og no skal vi avslutte med kos og godt humør.
Temakaféen er til for oss med kreftsjukdom i familien, enten ein er råka sjølv, er pårørande eller etterlatne. Vi møtest til felles samver, der vi freistar å gje påfyll av fagleg stoff, men og stoff som kan gje godt humør og kanskje gode vener, noko som og er viktig når sjukdommen har råka. Vi har ingen medlemslister, eller krav til oppmøte, men vi er i same båt, og det kan vere til trøyst og hjelp.

Kreftsjukepleiar er tilstades og tilgjengeleg på møta våre om nokon treng å snakke med ho. Sjølv om dette er sesong-avslutting, ser vi gjerne at nye interesserte finn fram til staden og blir med i samveret. Om du har spørsmål, kontakt Anita Lothe på heradshuset.

Til sommaravsluttninga i år, skal vi halde oss lokalt. Eit bygg på Sandane er markant, men kanskje ikkje særleg godt kjent for alle? 
Vi møtest i Solheimssmia, eller Solheim Vognverkstæd i Øvrevegen 31. Verkstaden vart driven av Edvard, seinare Arve Solheim, og etterkomaren, 
Bjørn Inge Solheim, vil fortelje om historia til bedrifta og bygget.


I tillegg får vi musikalsk underhaldning av Ola Tennes som vil synge og spele for oss.
Vi serverer pizza ,og ryktet går at vertinne Svanhild vil steike svele og servere kaffi, så møt opp!

Kjem du i bil, parker ved Dampskipskaia, Sandalbygget eller Fargerike.
Temakaféen er eit samarbeid mellom Gloppen Kommune, Kreftforeningen og frivillige.

Inga påmelding, berre kom innom alle er hjarteleg velkomne!

Vi vil og nytte høve til å takke Vereide Bakeri og Tystad Blomster som trufast støttar og gledar oss
med sine bidrag på møta våre.


Ansvargruppa