Denne skal leverast av både husdyrprodusentar og planteprodusentar.
Søknad leverast digitalt.
Du finn lenke til innlogging/skjema på Landbruksdirektoratet sine ordningssider.
Her finn du òg lenke til søkjerettleiinga.
Viktige datoar:
Teljedato: 1. oktober
Søknadsfrist: 15. oktober
Frist for endring av innsendt søknad: 29. oktober
Frist for etterregistrering av enkelte opplysningar: 15. oktober
Ved for sein levering av søknaden blir utbetalinga redusert med 1000 kr for kvar dag. Absolutt siste innleveringsfrist er 29. oktober.
Ekstra viktig med fysisk teljing (storfeprodusentar):
Vi har fått melding om at tekniske problem hos Eana kan føre til at tala i Husdyrregisteret/Eana ikkje stemmer overeins med dyretalet føretaket faktisk disponerer. Det er difor ekstra viktig i år med fysisk telling av dyra i fjøset 1. oktober. Sjå sak på Eana sine nettsider.
Ta kontakt med landbrukskontoret i god tid dersom du har spørsmål om ordninga eller innlevering av søknad!
Kontaktpersonar: Bernt Reed tlf. 979 91 052 og Jofrid Brennsæter tlf. 979 91 051
Jofrid Brennsæter
Jofrid Brennsæter