Rusmiddelpolitisk plan på høyring

I haust skal kommunestyret vedta ny rusmiddelpolitisk plan for perioden 2024-2028. Den handlar om førebygging av helseproblem knytt til alkohol og andre rusmiddel, samt løyvepolitikken i Gloppen. Planen er no til høyring, og alle som vil kan kome med innspel eller kommentere planen. 

Høyringsfrist er 1. august. Du kan kome med uttale på skjemaet under:

 Uttale til sak på høyring

Litt om planen

Høyringsutkastet til rusmiddelpolitisk plan for Gloppen startar med ein kort gjennomgang av nasjonal ruspolitikk. Så kjem statistikk for omsetnad og bruk, også for Gloppen på dei områda vi har lokal statistikk. 

Kap. 4 tar føre seg viktige tema i planperioden (2024-2028):

  • Haldningsskapande arbeid
  • Tidleg innsats
  • Barn som pårørande
  • Bruk av ulovlege rusmiddel aukar blant ungdom, og haldningane til rusmiddel har blitt meir liberale
  • Rådgjevande einingar i rus-saker
  • Oppfølging av menneske med rusproblem
  • Politiråd og rusfagleg forum

Alle hovudmåla og nokre av delmåla i planen er henta frå samfunnsdelen i kommuneplanen, men det er også lagt til nye delmål om rus og førebygging. Kva vi skal gjere for å nå måla er samanfatta i ein tabell i kap. 6.

Dei siste kapitla tar føre seg løyvepolitikken i Gloppen. For det legg planen opp til å vidareføre løyvepolitikken frå førre plan, men det er nokre endringar i kap. 9 om skjenkeløyve for enkelthøve.

Høyringsutkastet ligg på nett, og du kan det lese her:

 Ruspolitisk plan 2024-2028 (framsikt.net)