Reguleringsplan E39 Reed - Sandane

Statens vegvesen varsla i april 2022 oppstart av arbeid med reguleringsplan for E39 Reed - Sandane. I november same år konkluderte dei med å dele planarbeidet i to, der E39 Reed - Gullkista framdriftsmessig vart prioritert framfor E39 Jarbu - Eide.

Etter at planframlegget for Reed - Gullkista var så godt som ferdig, har vegvesenet valt å redusere planområdet, slik at det no er under ferdigstilling eit planframlegg for tunell ved Gullkista med naudsynt vegomlegging på kvar side. Planområdet går frå parkeringsplassen ved Styggemarka hyttefelt til utom elva Ytre Ulva, ein vegstrekning på om lag 1.6 km. Planområdet er avmerka på https://kommunekart.com/klient/gloppen/publikum på kartlaget "Reguleringsplan under arbeid".

I følgje planleggarane i Statens vegvesen må reguleringsplanen gjennom nokre interne godkjenningsprosedyrer før den kan leggast ut til offentleg gjennomsyn. Mest truleg vil det då bli ein utleggingsperiode utpå vårparten 2026. Nærare opplysningar kan ein få ved å kontakte Jan Ole Liljedal på tlf. 95191819 eller epost jan.liljedal@vegvesen.no