PMTO - foreldretilbod i Gloppen

Er du interessert i eit tilbod som kan fremje trivsel og samarbeid i familien?

Gloppen kommune skal i perioden 2026-2027 utdanne to PMTO-terapeutar. Vi vil gjerne komme i kontakt med familiar som har barn mellom 4-12 år, som kan tenke seg å vere øvinsfamiliar for våre to terapeuter. 

Kva er PMTO? 

PMTO står for Parent Management Training – Oregon. Det er ein metode for å styrke foreldra sine ferdigheiter i å handtere barna si åtferd på ein positiv og effektiv måte. 
Metoden legg vekt på: 

  • Å forsterke positiv åtferd hos barn 
  • Redusere negativ åtferd 
  • Betre kommunikasjonen mellom foreldre og barn og styrke relasjonen mellom dei 
  • Styrke foreldra sine ferdigheiter i problemløysing

Eg er så lei av å kjefte og mase  om at…. 

  • Barnet ikkje vil sove og at vi er så slitne at vi nesten er desperate 
  • 5-åringen nok ein gong har slått seg vrang under handleturen 
  • Barnet forhandlar i det uendeleg etter at tolmodet vårt er slutt
  • Vi har vore gjennom nok ein dag med brotne avtalar 
  • Han vil ikkje gjere lekser same kor mykje vi prøver å motivere og hjelpe


Høyrast det kjent ut? 

Alle barn oppfører seg slik frå tid til annan. Nokre gonger ender det med at vi som foreldre handlar spontant med frustrasjon, sinne og oppgittheit. I periodar kan denne veremåten bli eit mønster som gjentek seg over tid, og vi kan trenge nokon å rådføre oss med. 

Arbeid i øvingsfamiliar

For at PMTO-terapeutane våre skal bli sertifisert for å bruke metoden, treng dei øvingsfamiliar.
Foreldra møter terapeuten i eit strukturert forløp ein time i veka i ein avtalt periode. Gjennom praktiske øvingar, rettleiing og refleksjon får foreldra støtte til å utvikle gode samspelsferdigheiter og meir føreseieleg foreldrepraksis.
Arbeidet tek utgangspunkt i familien sine eigne mål og ressursar, og øvingane blir tilpassa barnets alder og behov. Det kan gje ein tryggare og meir positiv kvardag for heile familien.

Kva kan vi trene på?

Betre samarbeid og gode beskjedar.
Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring.
Grensesetting og reglar. 
Problemløysing knytt til daglegdagse utfordringar i familien.

Interessert?

Vil du vite meir, og kan det vere aktuelt å bli øvingsfamile?

Ta kontakt for ein uforpliktande samtale:
Hilde Eide, PMTO-terapeut 
Tlf.: 96 01 98 71 
E-post: hilde.eide@gloppen.kommune.no

Ragne Mari Røed Kandal, PMTO-terapeut 
Tlf.: 90 58 72 16
E-post: ragne.kandal@gloppen.kommune.no