Plantedag i Gloppen 29. aprilEtter hogst skal det foryngast og kanskje du skal plante sjølv eller har nokon som skal plante for deg? Eller du har behov for suppleringsplanting? Eller har du andre skogrelaterte spørsmål?Det blir plantedag på Andenes ved plantefeltet til Helge Olav Nedrebø den 29. april frå kl 17.00.Kursinstruktør vil gå gjennom kva som er viktig med tanke på planting av skogsplanter, rett planteavstand, rette planteplassar og best eigna planter.Ope for alle, og enkel servering.Lenke til Google MapsLenke til facebookarrangement hos Skogselskapet Sogn og Fjordane Vel møtt! Publisert 20.04.2026 12.25