Kvast – ein skjult trussel mot kyr og ville dyr
Når flasker og boksar blir kasta ut frå bilvindauge og hamnar i graset langs vegen, kan dei bli kutta opp av slåmaskiner eller haustemaskiner som lagar fôr. Særleg aluminiumsboksar blir då til små, skarpe bitar som lett hamnar i vomma på kyr og ville dyr. Desse bitane kan skjere opp innvollane og føre til store lidingar for dyra.
– Flasker og boksar som blir kasta i naturen er ikkje berre eit miljøproblem, men også ei dødsfelle for dyr. Vi veit at over tusen kyr døyr kvart år av det vi kallar «kvast», men kva med hjort, fuglar og smådyr i skogen? Dei kan lide same skjebne utan at det blir registrert, seier Randi Haavik Varberg, informasjonsdirektør i Infinitum.
Mellom 2018 og 2020 vart det registrert over 4 000 tilfelle av kvast blant norsk storfe. Det finst ikkje noko systematisk registrering av korleis dette råkar ville dyr, men fagfolk fryktar at mørketala er store.
– Flasker og boksar kan få eit nytt liv gjennom pant – men dyra får det ikkje. Oppmodinga «Pant for dyra» er ei viktig påminning om kvifor vi alle må ta ansvar og pante alt vi kan på næraste utsalsstad, seier Varberg.
Når fleire flasker og boksar blir panta, blir det mindre risiko for at dei hamnar i naturen og skadar dyr. Infinitum har sidan 2022 køyrt kampanjen Pant for dyra kvart år. Sidan starten har talet på kvast-tilfelle blant storfe gått ned med over 20 %.