Oppvekstplan 2026-2036 på høyring

Helse- og oppvekstutvalet vedtok 4. mars å legge oppvekstplanen ut på høyring. 

Fram til 30. april er det høve til å kome med kommentarar og innspel til planen. Både organisasjonar og privatpersonar kan gi høyringssvar. (Høyringssvar er offentlege dokument.)

Oppvekstplanen handlar om korleis vi kan legge til rette for ein god oppvekst i Gloppen. Dette er eit samspel mellom kommune, heimane, det frivillege, lokalsamfunn/nabolag og den enkelte. Planen bygger også på innspel frå dei møta vi inviterte til førre skuleår, og frå barn og unge gjennom elevråd, ungdomsråd og skuleopplegg. Vi er no på oppløpssida, og kommunestyret skal behandle planen før sommarferien

Høyringsspørsmål

For å få kommentarar på heile breidda i planen, har vi laga nokre høyringsspørsmål. Du vel sjølv kva spørsmål du vil svare på.

Send inn svar på høyringsspørsmål her

Høyringsmøte

Vi har gjennomført tre vellykka høyringsmøte, desse vart gjennomført på Breim, i Hyen og på Sandane. 

Gå til Oppvekstplanen som ligg til høyring her 

Har du øvrige spørsmål?

Ta kontakt med oppvekstsjef Per Arne Strand

Epost: per.arne.strand@gloppen.kommune.no