Opptak av kommunestyremøte vert teksta

I mange år har vi hatt direktesending av alle møter i kommunestyret. I etterkant av møta legg vi ut desse opptaka, slik at dei er tilgjengelege for ettertida.

Siste nye no er at vi har fått på plass teksting, slik at ein i tillegg til å høyre, også kan lese det som vert sagt, og på denne måten oppfyller vi også krav til universell utforming for slikt innhald. 

Det er KI som tolkar

Tekstinga skjer ved hjelp av kunstig intelligens KI. I etterkant av eit møte køyrer vi ein tekste-jobb som tolkar det som vert sagt og skriv det ut fortløpande i møteopptaket. Før vi publiserer tek vi ein manuell sjekk, og rettar opp i openbare feil som vi finn. Men det aller meste forblir uendra slik KI har fanga opp det som vert sagt. 

Teksting vil berre kome på kommunestyremøta frå mars 2025 og framover, ikkje på eldre møter som allereie ligg publisert i kommune-tv arkivet vårt. 

Etter kvart vil det også bli teksting av formannskapsmøta, men før vi kan få dette til må vi ha på plass nytt lydustyr. Dagens utstyr fangar lyden for dåreg opp til at KI klarar å tolke tale til tekst. 

Slik får du fram tekstinga

Gå til kommune-tv området vårt: gloppen.kommunetv.no - så startar du det opptaket du vil sjå.  Nedst i skjermbildet vil det ligge ein ny liten knapp, firkant markert med “cc” - trykk på denne og velg nynorsk. Då vil du få tekst på opptaket.

Skjermdump frå kommune-tv: Sjå nedst i bildet markert med raud pil, liten firkanta boks med "CC" - her slår du av og på tekstinga.