Oppstart hausten 2026 - ForeldregruppeFor deg som ynskjer eit endå betre samspel med barnet ditt med fokus på trygg relasjon. Gruppa passar for alle foreldreI ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenke over korleis vi er foreldre og kor viktige vi er for barna våre. I foreldregruppa vil du møte andre foreldre, dele erfaringar og drøfte gleder og utfordringar.Oppstart etter haustferienVi skal jobbe oss gjennom 8 tema for godt samspel med barn, og vi nyttar ICDP-modellen. Gruppa møtest ein gong i veka, 8 gongar, ca 1,5 -2 timar kvar gong. Første treff vert etter haustferien ved helsestasjonen på Grandane, dato og tid finn vi saman med dei som melder seg på. Kurset vert leia av Kristin og Henny som er sertifiserte ICDP rettleiarar ved helsestasjonen.Vi håpar du vil vere med. Tilbodet er gratis, men du må melde deg på. For påmelding / meir informasjonKristin Ramslien - telefon 97 99 10 75 Henny K. Børset - telefon 97 99 10 76 innan 1. oktoberIDCP - International Child Development Programme Publisert 19.08.2026 09.29