Oppstart hausten 2025 Foreldrerettleiingsgruppe, ICDP

I ein travel kvardag kan det vere lite tid til å tenke over korleis vi er foreldre og kor viktige vi er for barna våre. I foreldrerettleiingsgruppa vil du møte andre foreldre, dele erfaringar og drøfte gleder og utfordringar.

For deg som ynskjer eit endå betre samspel med barnet ditt med fokus på trygg relasjon

Gruppa passar for alle foreldre

Oppstart i veke 45

Vi skal jobbe oss gjennom 8 tema for godt samspel med barn, og vi nyttar ICDP-modellen. Gruppa møtest ein gong i veka, 8 gongar, ca 1,5 -2 timar kvar gong. Første treff vert  i løpet av veke 45 (dato og tid kjem seinare)

Kurset vert leia av Kristin og Britt Elin som er sertifiserte ICDP rettleiarar.

Vi håpar du vil vere med.  Tilbodet er gratis, men du må melde deg på. 

For påmelding / meir informasjon

Kristin Ramslien -  telefon 97 99 10 75 

Britt Elin Fjellestad - telefon 97 99 10 74  

innan 24. oktober


IDCP - International Child Development Programme