Open aktivitetshall for barn og unge

Denne sommaren tilbyr Trivselshallen Bad og Idrett eit nytt tilbod til barn og unge. 

I fire veker, frå 14. juli til 9. august riggar vi ein innhaldsrik og spennande aktivitetshall i Firdahallen. 

Hallen blir open i opningstidene til anlegget. Aktivitetsleiar vil hjelpe til med aktivitetar, og hallen blir delt inn i ulike soner alt etter alder på dei som er på besøk. 

Tilbodet er ope for alle, og gratis. Men barn under 10 år må ha følgje av ein vaksen!

Vi har eit hyggelig kafètilbod i foajeen, i tillegg blir det kafèbord i aktivitetshallen også. 

Besøk i aktivitetshallen kan sjølvsagt kombinerast med besøk i badeanlegget vårt!

Opningstider: 

tysdag-søndag kl 12-17.

Birte Fossheim