Offentleg ettersyn av skattelister for eigedomsskatt 2026

Frå og med 17. februar ligg skattelistene for eigedomsskatt i Gloppen ute til offentleg ettersyn. Listene viser kva eigedommar som er utskrivne med skatt, kva skattegrunnlaget er og kor mykje du skal betale i skatt for 2026.

Skattelistene ligg ute i tre veker, i samsvar med eigedomsskattelova § 15. Du finn listene her:

Viktige satsar for 2026

Kommunestyret har vedteke følgjande rammer for skatteåret 2026 (ingen endring frå 2025):
Med heimel i Eigedomsskattelova §3 a), vedtek kommunestyret at det vert skrive ut eigedomsskatt på alle faste eigedomar i kommunen:

  • Den generelle skattesatsen for skattepliktige eigedomar vert 7 promille
    Gloppen kommune har differensiert eigedomskatt for bustader, våningshus og fritidsbustader i høve til §12 a) på 4 promille
  • Skatteetaten sin likningsverdi skal nyttast der denne er tilgjengeleg. Taksten på næringseigedomar vert uendra i 2026
  • Fritak frå eigedomsskatt i høve til Eigedomsskattelova §7 a) og b)
           · Eigedomar til stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne kommune, eit fylke eller staten
            · Bygningar som har historisk verd

Korleis finn eg min eigedom?

I listene kan du søkje etter eigedommen din ved hjelp av gardsnummer (gnr) og bruksnummer (bnr). Listene viser eigedomsskattetaksten, eventuelle frådrag og kva beløp som vert fakturert.

Klage

Meinar du at opplysningane i skattelista er feil, eller at taksten på eigedommen din er for høg? Då kan du sende ei skriftleg klage til kommunen.

  • Frist for å klage: 15. april
  • Send klage til: post@gloppen.kommune.no eller som post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 sandane.
  • Merk klagen med: "Klage på eigedomsskatt" og gnr/bnr.


Merk: Dersom du klagar på ein formuesverdi frå Skatteetaten (bustadverdi), må klagen rettast direkte til Skatteetaten og ikkje til kommunen.