Kommunestyresalen på heradshuset, onsdag 11. mars kl 18.30 - 21.00
Program for samlinga:
- "Bærdyrking 1-2-3": Kva må eg gjere for å kome i gong? v/Thimmy Klaassen, NLR
- Informasjon om Norsk Landbruksrådgivning (NLR): Kven vi er, kva vi tilbyr, korleis vi kan vere til nytte ved oppstart av bærproduksjon v/Thimmy Klaassen
- Ulike ordningar for støtte og tilskot v/Trine Alme
- Erfaringsdeling frå ein bærprodusent
- Spørsmål og samtale
Samlinga er for deg som skal starte opp med bærproduksjon, eller er interessert i bærproduksjon og vurderer om dette kan vere noko for deg og ditt gardsbruk. Dersom du allereie driv med bær og ynskjer fagleg påfyll og fellesskap, er du òg velkomen!
Påmelding innan 5. mars, til jofrid.brennseter@gloppen.kommune.no
Om du har spørsmål, ta kontakt med Jofrid Brennsæter på tlf 979 91 051
Jofrid Brennsæter
Frå inspirasjonssamlinga i Innvik 11. februar i år.