NVE: Høyring av søknad om konsesjon for bygging og drift av Re Energi kraftverk
Høyring av søknad om konsesjon for bygging og drift av Re Energi kraftverk i Storelva i Gloppen kommune.
NVE har fått ein søknad frå Re Energi AS om løyve etter vassdragsreguleringslova og energilova til bygging og drift av Re Energi kraftverk. Søknaden blir no send på høyring med høyringsfrist måndag 18. mai 2026.
NVE inviterer til offentleg informasjonsmøte
Torsdag 12. mars 2026 klokka 18 i Breimshallen.
Les brevet frå NVE (PDF, 95 kB)
Slik sender du høyringsfråsegn:
- Via skjema for fråsegn på NVE si side
- Via e-post til nve@nve.no (merk e-posten med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202305721 i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
- Via brev til: NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO (merk brevet med «Høyringsfråsegn» og saksnummer 202305721 i emnefeltet, og oppgi namn og organisasjonsnummer i innleiinga om du representerer ei verksemd)
Høyringsfrist måndag 18. mai 2026
Publisert 11.02.2026 14.55