Melding om vegstenging - FV 5731 Nordstrandsvegen

Kveen Anlegg AS melder at Fv. 5731 Nordstrandsvegen (Sandane) ved Giljeneset blir stengt på grunn av vegarbeid. Arbeidet som skal utførast er riving av eksisterande mur som støtter fylkesvegen, oppføring av ny gråsteinsmur, nedlegging av rør og opp igjen bygging av vegen.
 

Vegen blir stengt heile døgnet i perioda: mandag 15. juni – fredag 10.juli
Det vil ikkje vere mogleg for nødetatar å passere.