Lurer du på kven som har ansvaret dersom sau eller andre beitedyr kjem inn på eigedomen din?

Mange trur at det automatisk er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

For dei som ønskjer å unngå beitedyr på eigen eigedom, er det difor viktig å sørgje for at gjerde og grinder er i god stand før beitesesongen tek til.

Beitedyr er ein viktig ressurs for kulturlandskapet vårt. Dei bidreg til å halde landskapet ope, tek vare på biologisk mangfald og er ein sentral del av matproduksjonen og landbruket i kommunen Snart blir sau og lam sleppte ut på beite, slik dei har vorte gjennom generasjonar. 

Vi ønskjer å oppmode til godt samarbeid, god dialog og gjensidig forståing mellom bønder, grunneigarar og naboar.

Samtidig oppmodar vi alle grunneigarar til å ta ein gjennomgang av utmarksgjerda sine før beitesesongen er i full gang. Godt vedlikehaldne gjerde bidreg til eit godt naboskap – til beste for alle.