Kva meinar du om reiselivet i Nordfjord?

Bur du i Stad, Stryn, Gloppen eller Bremanger? Då ønskjer vi i Reiselievsrådet i Nordfjord å høyre kva du meiner om reiselivet i Nordfjord.
Reiselivet skaper aktivitet, arbeidsplassar og gode opplevingar, men kan òg føre til utfordringar for naturen og lokalsamfunna våre.

Gjennom ei felles innbyggjarundersøking ønskjer vi å få vite:

  • Kva er bra med reiselivet? 
  • Kva utfordringar opplever du? 
  • Kva bør vi satse på framover? 

Svara skal brukast i arbeidet med Merket for berekraftig reisemål og gi grunnlag for ei reiselivsutvikling som tek omsyn til lokalsamfunnet, naturen og dei besøkande.

Undersøkinga er anonym og tek om lag fem minutt å svare på.

Undersøkinga er open frå 24. august til 7. september 2026. 
Svar på undersøkinga her: