Kunnskapsbygging og felles plattform
Målet med seminaret den 11. februar er å bygge ny og felles kunnskap om samspelet mellom kommune og frivilligheit. Vi har fått med oss Trude Risnes frå Distriktssenteret og Brita Brekke frå Frivillighet Norge til å bidra med sin kunnskap om temaet, og legg til rette for refleksjon i grupper etter foredraga.
Trude Risnes jobbar med stadutvikling, bumiljø og samskaping i Distriktssenteret i Sogndal. Dei jobbar no med å bygge opp ein kunnskapsbase om korleis distriktskommunar og frivilligheita kan samarbeide om å møte samfunnsutfordringar.
Brita Brekke er politisk rådgjevar i Frivillighet Norge, som er eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar i Norge. Dei jobbar med å hjelpe kommunar i å utvikle lokal frivilligheitspolitikk, og å sikre vekst og utvikling i frivilligheita.
Program:
- 18:00 - Korleis samarbeider kommunen og frivilligheita i dag? Status og utfordringar - v/Torbjørn Brandsæter, kommunalsjef samfunn og berekraft i Gloppen kommune
- 18:20 - Nye perspektiv på samarbeid mellom kommune og frivilligheit - v/Trude Risnes, Distriktssenteret
- 19:00 - Dei frivillige sitt perspektiv - motivasjon og ringverknader - v/Brita Brekke, Frivillighet Norge
- 19:45 - Korleis kan vi bruke denne kunnskapen i Gloppen? - Kafédialog – ein matbit og refleksjon i grupper
- 20:30 - Felles avslutting og vegen vidare - v/Gloppen kommune
Kunnskapsseminaret er ope for alle, og vi ønskjer særleg deltaking frå frivillige lag og organisasjonar, politikarar og tilsette i kommunen.
Arrangementet er i kinosalen og foajeen i Kulturhuset Trivselshagen.
Hugs å melde deg på innan 5. februar!
Påmelding finn du her
Plan for frivilligheit - vidare medverknad og planprosess
Gloppen kommune er i gang med å utarbeide kommunedelplan for frivilligheit. Planen skal peike ut ei retning for korleis kommunen og frivilligheita kan jobbe saman for å løyse samfunnsutfordringar. Planprogrammet, som seier kva planen skal omfatte og korleis vi skal jobbe med planen, blei godkjent av kommunestyret 17. desember 2025.
Seinare i vår kjem vi til å sende ut eit spørjeskjema til lag og organisasjonar i Gloppen, og vi kjem også til invitere til dialogmøte gruppevis og ute i bygdene. Målet med dette er å få ei oversikt over frivilligheita i Gloppen, få innblikk i utfordringar og behov, og finne ut korleis vi kan samarbeide betre.