Kort om Nyskapande aktivitetsanlegg
Trivselshagen bad og idrett er eigd av TH Eigedom IKS, og dette selskapet er igjen eigd 50/50 av Vestland fylkeskommune og Gloppen kommune. I samband med søknad til Vestland fylkeskommune om å få delta i prosjektet, vart det sett ned ei prosjektgruppe med representantar frå kommune, fylkeskommune og TH eigedom.
Gloppen var 1 av 4 kommunar som var heldig å komme med i Nyskapande aktivitetsanlegg, og fylkeskommunen dekker alle kostnader til arkitektteamet med kr 350 000. Vestland fylkeskommune engasjerte Curve Studio for å jobbe med prosjektet i Gloppen. Nyskapande aktivitetsanlegg er ei målretta satsing på enkle, lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet.
Gjennomføring av prosessen
I Nyskapande aktivitetsanlegg er det stor fokus på å kartlegge brukarane sine behov i medverknadsprosessen. Det er også lagt stor vekt på at visjonen skal vere førande for resultatet. Den skal teikne eit framtidsbilde som seier noko om kva vi ser for oss blir effekten av prosjektet. Visjonen i vårt prosjektet er: «Trivselshagen – møteplassen der vi saman skapar ein inkluderande kvardag prega av aktivitet og mangfald.»
Fagteamet i Curve Studio stod for planlegging og gjennomføring av medverknadsprosessen, og hadde to ulike fasar der dei møtte mange ulike brukargrupper (godt oppsummert i rapporten). Sonderingsfasen hadde fokus på å kartlegge behov, ønskjer og barrierar. I utforskingsfasen vart brukarane presentert for ulike scenario, som gjorde det enklare for dei involverte å definere ønskjer og behov.
Medverknadsamling med gode diskusjonarResultat
Rapporten og prosessen gir oss mykje kunnskap og innspel om korleis idrettsanlegget kan opne for fleire brukargrupper og eigenorganisert aktivitet. Glopparar er veldig aktive, men det er framleis veldig mange som ikkje er aktive i det heile. I eit folkehelseperspektiv er det svært viktig at vi når denne gruppa.
Curve Studio har i rapporten laga skisseforslag som utfordrar oss korleis vi tenker om kva ein idrettshall skal vere.
- Uteområdet som i rapporten er omtalt som «Trivselsstien» skaper ein kopling mellom ute og inne, og det aktivitetsområde og møteplassen ein ønskjer å skape.
- «Trivselsporten» er eit nytt inngangsparti som er skissert som ein stor, ny møteplass i hallen med kaféområde, leksejobbing og plass for å henge med venner før og etter aktivitet. Denne løysinga forutset at treningssenteret får ei ny plassering i bygget.
- Firdahallen er foreslått bygd om til ein aktivitetshall i andre og tredje etasje. Aktivitetshallen er skissert med ulike former for eigenorganiserte aktivitet som buldring, parkour, rom for dans, musikk og gaming, styrketrening/basistrening. Det er tenkt at det framleis skal vere gode turntilbod som i dag. Skissa gir ingen detaljerte svar på kva aktivitetshallen skal innehalde, men er foreslått med ei opa løysing, som gir rom for fleksibel aktivitet. I skisseforslaget er treningssenteret flytta opp der tribuna er i dag.
Vidare arbeid
Vi har no fått eit skisseforslag som viser oss ulike moglegheiter for å gjere idrettsanlegget meir inkluderande, mangfaldig og tilgjengeleg for fleire brukargrupper.
Beslutningar om kva som skal gjennomførast, går gjennom styret og representantskapen i det interkommunale eigedomsselskapet (TH eigedom) basert på ønskjer og prioriteringar frå eigarane - som er kommune og fylkeskommune. Rapporten med skisseforslag er slik sett eit kunnskapsgrunnlag og muligheitsstudie, og ikkje ein fasit på korleis idrettsanlegget vil sjå ut i framtida. Det gir oss ei retning å jobbe mot, der vi over tid kan sjå på ulike byggetrinn for utvikling av hallen. Det gir oss høve til å vere framoverlent, søke om eksterne tilskotsmidlar, spelemidlar og i samskaping med lag og organisasjonar, så opnar det seg gjerne moglegheiter til å gjere små og store endringar langs med. I løpet av hausten håpar vi å samle brukarane som har vore involvert i prosessen, slik at det også blir medverknad i det vidare arbeidet.
Vi vil takke Vestland fylkeskommune for at vi fekk delta i Nyskapande aktivitetsanlegg, og fagteamet i Curve Studio for ein lærerik og kunnskapsbyggande prosess og rapport. Og vi ser med spenning på korleis vi skal utvikle idrettsanlegget framover, slik at endå fleire er aktive og opplever dette som ein inkluderande stad å vere.
Vil du vite meir?
Heile rapporten frå Curve Studio kan du lese her
Kontaktperson i Gloppen kommune:
Birte Fossheim, kultursjef, send e-post, telefon: 92 47 72 48