Kan du tenke deg å jobbe i Gloppen neste sommar?

Vi har behov for ferievikarar i fleire av våre einingar. Er du ute etter ein aktiv og variert sommarjob?  -Då treng vi deg som ferievikar i Gloppen kommune.

Innan helse og velferd avviklar vi hovudferien i veke 26-33, nokre einingar også veke 25 og 34.  Vikarar må kunne jobbe samanhengane i ein stor del av ferieperioden, og dei som kan jobbe seks veker blir prioritert.

Vurdering av søknadane og tilsetting vil bli gjort fortløpande, så er dette noko for deg, hiv deg rundt og søk!
 

Sjå stillingsutlysingane og søk innan fristen

•   Ferievikarar i Bu- og omsorgstenesta - Søknadsfrist 1. februar
•   Ferievikarar i Miljøarbeidartenesta - Søknadsfrist 1. februar
•   Ferievikarar i Gloppen heimeteneste - Søknadsfrist 1. februar
•   Ferievikarar i kommunale barnehagar  - utlysing kjem