Inspirasjonssamling for bærprodusentar

Til deg som dyrkar bær eller kanskje kan tenke deg å starte med bærproduksjon:

Vi vil med dette invitere deg til ei inspirasjonssamling for bærprodusentar på Innvik Fruktlager onsdag 11. februar kl. 18.30-21.

Her blir det innlegg frå m.a. Anita Roset (Innvik Fruktlager) og Jann Vestby (Gardsbrenneriet), tid til diskusjon og prat, og det blir kaffi og litt å bite i.

Meir informasjon kjem!

Målgruppe: Unge/nye/interesserte/potensielle bærprodusentar i kommunane Stad, Gloppen og Stryn.

Ta gjerne med deg ein nabo, ven eller støttespelar!

Gjeld deg som anten har søkt produksjonstilskot til bær, er tilknytt Innvik Fruktlager eller Gloppen Produsentlag, nyleg har teke over gardsbruk i dyrkingssone for bær, eller at vi på annan måte har grunn til å tru at du kan vere interessert i bærproduksjon.