Innvitasjon til idedialog om framtidige bygg til kommunale tenester i Sandane sentrum
Gloppen kommune leiger areal til kommunale tenester på Sandane der fleire av leigekontraktene utløper i løpet av dei neste åra. Gloppen kommune ønskjer uforpliktande dialog med aktuelle aktørar som kan tilby areal til leige eller eige som alternativ til dagens lokale.
Det er ikkje endeleg avklart kva tenester som skal lokaliserast i lokala. Omfanget er vurdert til mellom 1000 og 2000 kvadratmeter. Det er aktuelt for kommunen med eksisterande og nybygde lokale.
Interesserte aktørar kan melde interesse for dialog på epost til post@gloppen.kommune.no innan 15. mai.
Gloppen kommune inviterer til idedialog med aktørar som kan tilby lokale til kommunale tenester.
Torbjørn Brandsæter
Publisert 04.04.2025 11.33