Informasjon frå Folkehelseinstituttet om vaksinasjon for vaksne

I veke 47 sender vi ut påminning til dei som er uvaksinerte og som er anbefalt vaksine i programmet på grunn av alder. 

Påminninga vert sendt ut av HelseNorge og kan kome som SMS, i appen eller som e-post etter kva ein har valt å motta. 

Desse tre gruppene vil få melding:

1.    Koronavaksine over 75 år
2.    Influensavaksine 65 år og eldre
3.    Pneumokokk (lungebetennelse) personar som er fødde i 1960

Vi er ferdige med fellesvaksineringar for i år, så ta kontakt med legesenteret for vaksine. 

For andre i risikogrupper er det også muleg å få vaksine endå - ta kontakt med legesenter. Dei som ikkje er i risikogrupper, men som ynskjer å ta influensavaksine kan ta denne på apoteket.