Husbanken: Tilskot til aldersvennleg oppgradering av eigen bustad

Du kan få tilskot frå Husbanken til å gjere bustaden din meir aldersvennleg. Målet er at du skal kunne bo heime lenger, også når helsa di endrar seg. Tilskot er pengar du får, som du ikkje skal betale tilbake. Søknadsfrist er 30. oktober.

Du kan søke om tilskot direkte hos Husbanken viss:

  • du er over 62 år eller bur i lag med nokon som er over 62 år
  • du bur i bustaden sjølv og den er eigd eller leigd heilårsbustad. Hvis du leiger må du ha samtykke fra utleigar
  • bustaden er di folkeregistrerte adresse
  • du skal oppgradere for minst 40 000 kroner

Les nøye framgangsmåten på Husbanken si side før du søker

Søknadsfristen er 30. oktober 2026.

Husbanken - tilskot til aldersvennleg bustad Husbanken