Hovudmål
Hovudmålet med planen er å identifisere, ivareta og utvikle friluftslivets ferdeslårar for å sikre eit attraktivt tilbod til eiga befolkning med tanke på folkehelse, livskvalitet, bulyst og reiseliv.
Kartlegging som grunnlag for planarbeidet
Vi har tilgang på mykje flott natur i kommunen, så difor var det behov for å gjere ei avgrensing i kartlegginga som var lagt til grunn planarbeidet. Planen sorterer turtraséar i 3 kategoriar:
- Kortare turløyper (t.d. inntil 2 km) i alle bygdesentera, med fokus på universell utforming/tilgjenge for alle
- Lengre turløyper med utgangspunkt i sentrumsområda
- Turistruter
Ski-, sykkel-, eller padleruter ikkje ein del av denne planen på noverande tidspunkt.
Medverknad
Vi har gjennomført innspelsrunde der idretts- og interesseorganisasjonar har hatt høve til å kome med innspel knytt til dei tre hovudmåla som er satt for kartlegginga.
Planen
Gå til planen her
Sjå saka der planen er handtert - 22/820
Høyringsinnspel
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planen - før fristen 7. november
Uttale skal merkast med 22/820 og kan sendas via e-skjemaet
Skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller
post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.
Merk innspel med Plan for friluftslivets ferdselsårer.