Denne forskrifta skal regulere kommunen og eigar sine plikter knytt til feiing og branntilsyn.
Forskrifta gjeld feiing og tilsyn av alle byggverk med fyringsanlegg i Gloppen kommune. Tenesta skal prisast i tråd med sjølvkostprinsippet. Forskrifta skal gjelde frå 1. januar 2026.
Heimel for ny forskrift:
Du finn utkast til ny forskrift her
Sjå samfunnsutvalet si handtering av sak 100/25
Merknadar
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til forskrifta innan 8. desember. Uttale skal merkast med 100/25 og kan sendas via elektronisk skjema.
Gå til e-skjema her (Sikker pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Vidare prosess
Det vert lagt til grunn at det ikkje kjem inn merknadar som krev større omarbeiding, og at det vert gjennomført eit ekstra møte i Samfunnsutvalet 17. desember kl 08.00 for å gje innstilling til vedtak til kommunestyret same dag.