I viltressurslova, som trer i kraft 1. juli 2026, er det eit krav om at kommunar som ønskjer å krevje inn fellingsavgift for felt hjort, må gjere dette gjennom forskrift.
Det er naturleg å samle all informasjon om jakt i kommunen i ein forskrift. Det er difor lagt fram eit forslag der ein samlar opning av jakt, minsteareal og fellingsavgift i ein forskrift.
Forskrift om forvaltning av hjortevilt § 6 legg føringar på når ein kan gjere endring i minstearealet fastsett i kommunen. Minstearealet skal vere fastsett innan 15. mars. Det er difor ikkje høve å gjere endringar til minstearealet i denne runden, så det er berre § 3 om fellingsavgift som er på høyring. Innspel om minsteareal vil ikkje bli handsama.
Gå til forskrifta her
Sjå behandling av saka i Samfunnsutvalet 3. juni 2026
Merknader til forskrifta
Du har høve til å kome med skriftleg uttale til forskrifta, §3
Uttale skal merkast med «26/1795», og kan sendast via e-skjemaet:
Skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» (sikker digital post), send e-post til: postmottak@gloppen.kommune.no, eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.
Frist for å kome med uttale til forskrifta er 31. juli 2026.
Har du spørsmål?
Spørsmål kan rettast til sakshandsamar, Lindis Østgård.
E-post: lindis.ostgard@gloppen.kommune.no