Har du vurdert sjukepleierutdanning, men tenkt at du manglar fleire av krava til opptak?
StudieHub – Fjordane Studiesenter ønskjer å bidra til at fleire tilsette i helse- og omsorgstenesta kan kvalifisere seg til desentralisert sjukepleiarutdanning med oppstart hausten 2028, og tilbyr uforpliktande kartlegging og rettleiing til personar som vuderer slik utdanning.
Du treng ikkje ha full oversikt, studiekompetanse eller «alt på plass» for å ta kontakt. Mange har verdifull erfaring frå arbeid i helse og omsorg – og det finst fleire vegar fram mot opptak.
Dette kan vere aktuelt for deg som:
- jobbar i helse- og omsorgstenesta
- er ufaglært, har fagbrev – eller lang erfaring
- er nysgjerrig på moglegheitene dine, men usikker på krava
Å melde interesse er heilt uforpliktande. - meir informasjon her (PNG, 502 kB)
Publisert 02.03.2026 14.11