Har du innspel til Lokal transportplan?

Gloppen kommune er i gang med å utarbeide Lokal transportplan, som skal erstatte gjeldande "Plan for veg og trafikktrygging". Vi ønskjer no fleire innspel til planen frå innbyggjarane i Gloppen.

Kva er Lokal transportplan?

Lokal transportplan blir utarbeidd som ein tematisk kommunedelplan, med tilhøyrande handlingsplan. Trafikktrygging vil vere ein viktig del av planen. Planforslaget skal sendast på høyring hausten 2026.

I planprogrammet, som vart godkjent i kommunestyret i september 2025, står det at den nye planen skal:

  • omtale alle delar av samferdsle, mobilitet og transport i og ut av kommunen og danne grunnlag for kommunens politikk for grøn omstilling
  • følgje opp strategiar i kommuneplanen
  • følgje opp nasjonale og regionale føringar i nasjonal transportplan (NTP) og regional transportplan (RTP), og vere grunnlag for kommunen sine innspel til NTP og RTP
  • utarbeide mål for det kommunale vegnettet, og legge grunnlag for målretta ressursinnsats innan drift, vedlikehald og forsterking av det kommunale vegnettet
  • oppdatere oversikt for små og store trafikktryggingstiltak.

Har du innspel?

I innspelsskjemaet stiller vi nokre spørsmål om trafikktrygging, skulevegar, tilgjenge og kollektivtilbod. Du treng ikkje å svare på alle spørsmåla dersom du berre har innspel til eitt av tema.

Heilt til slutt i skjemaet kan du også kome med andre innspel som er relevant for planarbeidet, til dømes behov og manglar i transportsystemet eller tiltak du meiner er viktig å prioritere.

Innspel kan sendast ved å fylle ut dette skjemaet: 

Lokal transportplan - Innspel

Skjemaet er ope til 17. april 2026.

Meir informasjon