H. M. Kong Harald V har gått bort

Det er med djup sorg vi har fått meldinga om at Hans Majestet Kong Harald V er gått bort. 

Det kongelige hoff

Gjennom eit langt liv i teneste for Noreg har Kong Harald vore ein samlande og trygg skikkelse for landet vårt. Med varme, humor og ei sterk kjensle av plikt har han stått nær folket – både i kvardagen og når landet har opplevd glede, sorg og store utfordringar.

Gloppen kommune vil rette vår djupaste medkjensle til Dronning Sonja og den kongelege familien.

I dag går tankane våre til dei næraste, og vi takkar Kong Harald for den store innsatsen han har lagt ned for Noreg gjennom eit langt liv.

Kvil i fred, Kong Harald.

Kondolanseprotokoll

Det er lagt fram kondolanseprotokoll i Servicetorget på Heradshuset. Denne vil vere tilgjengelig i våre opningstider. 

Alle som ønsker å skrive ei siste helsing er velkomne.  

Blomster

Om nokon ønsker å legge ned blomster og helsingar er Heradsplassen, ved foten av Tankeringen mot vest, staden for dette.