Gratis WiFi4EU-nettverk i uterom vert avslutta

WiFi4EU var eit EU-initiativ som vart etablert i 2018 for å gje innbyggarar og besøkande tilgang til gratis internett på offentlige stadar rundt om i Europa.

Gloppen kommune har gjennom WiFi4EU-ordninga tilbydd gratis trådløst internett på fleire offentlige uterom. No vert WiFi4EU-initiativet avslutta, og kommunen vil difor også avslutte tilbudet om gratis Wi-Fi på Heradsplassen ned til gjestebrygga og i Grandeparken på Sandane, Colombusparken i Hyen, utanfor Coop på Byrkjelo og i sentrumsparken på Reed. 

Tilbodet blir avslutta

WiFi4EU-initiativet blir permanent avslutta i september 2026. I samband med dette vil Gloppen kommune avslutte sine WiFi4EU-nettverk frå 1. oktober 2026. Det betyr at det ikkje lenger vil bli høve til å koble seg til kommunen sitt WiFi4EU-nettverk for å få gratis tilgang til internett.

Mange har nytta seg av gratis Wi-Fi

Gjennom WiFi4EU har kommunar over hele Europa bidrege til å gjere internett mer tilgjengelig i offentlige rom. Over 7200 kommuner i 30 land har teke del i ordninga. Det vart etablert meir enn 93 000 WiFi-nett på offentlege stadar, og WiFi4EU har totalt registrert meir enn 247 millionar tilkoplingar.

Gloppen kommune takkar innbyggarane og besøkande som har nytta seg av tilbudet gjennom desse 8 åra.

skh