Gloppen sin norgesmeister og kastmiljøet i Gloppen fekk kulturprisen!

Med idrettsprestasjonane som Thomas Mardal har levert i år med både NM-gull, kongepokal og 6. plass i VM, så er det ei stor glede å kunne tildele han og kastmiljøet i Gloppen v/ Jørund Årdal kulturprisen for 2025.

Kulturprisen vart delt ut i kommunestyremøtet 17. desember 2025. Nestleiar i Samfunnsutvalet, Marit Elisabeth Larssen delte ut prisen. 

Kastmiljøet i Gloppen v/ Jørund Årdal og Thomas Mardal mottok kulturprisen for 2025. Nestleiar i samfunnsutvalet Marit Elisabeth Larssen stod for utdelinga. Birte Fossheim

Thomas Mardal 

Kulturprisen for 2025 er delt i to. Thomas Mardal har sett Gloppen på kartet både nasjonalt og internasjonalt med sine idrettsprestasjonar. Men Mardal sjølv gir støtteapparatet rundt, ein stor del av æra.
Alt som 17-åring var Thomas ein allsidig idrettsutøvar og tok gull i seks øvingar i NM ungdom i 2014. I 2015 kvalifiserte han seg for sitt første internasjonale juniormeisterskap i kast i EM U20. I 2016 deltok han i diskos i VM U20.
Til 2017-sesongen skifta Thomas til slegge som hovudøving, og det gav resultat med ein gong! Finale og 10-plass i EM U23. Same hausten reiste han til USA på studiestipend og vidare satsing. Og dei fire åra i Florida nytta prisvinnaren svært bra, med toppresultat både på studier og i kast. 
Tilbake til Norge imponerte Thomas med å kvalifisere seg både til EM og VM i perioden 2022-2024. I Paris-OL 2024 slo Mardal til med finale og ein fin 11-plass! 

Sesongen 2025 har Thomas vist ein stabilitet med ni konkurransar over 77 m, og med 78,44 som ny personleg rekord. Med dette tok Thomas sitt tredje strake NM-gull og fekk samtidig kongepokalen! Ei utmerking som heng svært høgt, og som blir delt ut til ein utøvar som har gitt oss høgdepunkt innan norsk idrett. Sesongen vart avslutta med ein fantastisk VM-innsats i Tokyo som gav 6. plass med 78,02 m! 

Om kastmiljøet i Gloppen seier Mardal dette: 

«Når eg tenker tilbake på mine 15 år som involvert i kastmiljøet i Gloppen so er det Jørund som er den store fellesnemnaren. På mine første kastøkter blei eg kjempegodt teke imot av eit treningsmiljø som Jørund hadde vore med å forme over fleire år. Det var både lærerikt og utruleg kjekt å møte opp på treningar med Jørund. Dei neste 7-8 åra blei ein utruleg lærerik reise frå å vere med på lokale konkurransar, til å vere med på internasjonale meisterskap. Kastgruppa vår har blitt kraftig redusert med åra, men Jørund står like støtt som alltid og stiller opp i all slags vær. Sjølv om eg no har budd i USA og Oslo i mange år, er det alltid like kjekt å komme heim og å få trene med Jørund. Hadde det ikkje vore for Jørund og det miljøet han har skapt rundt kast i Gloppen, hadde eg aldri vore der eg er i dag, og det er eg utruleg takknemleg for!»

Prisvinnaren imponerer oss ikkje berre med sine idrettsmessige prestasjonar. Vi kjenner han frå lokalsamfunnet og i media som ein folkeleg, sympatisk og jordnær mann med beina godt planta på bakken. Han er ein fantastisk ambassadør og rollemodell, og vi kjenner oppriktig stoltheit over at han kjem frå Gloppen.

Kastmiljøet i Gloppen og ildsjela Jørund Årdal

Friidrett og spesielt kast har sterke tradisjonar i Gloppen. Heilt frå landslagskjempene Lothe og Føleide starta karrierane sine her på 1950-talet og fram til i dag, har dei til ei kvar tid hatt utøvarar på høgt nasjonalt nivå. Såleis har Gloppen friidrettslag og dei tidlegare moderklubbane teke heim 95 kastmedaljar i norsk seniormeisterskap sidan 1980-talet.
Berre i slegge har Gloppen FIL teke medaljar i senior-NM samanhengande kvart år sidan 2006, i alt 28 medaljar på 20 år.
Avgjerande for å kunne hevde seg i kast er tilgang til treningsfasilitetar. Ved hjelp av stor dugnadsinnsats frå Brodd og lokale krefter på Sørstranda har kastarane fått eit flott heilårs treningsanlegg med oppvarma kastringar og flomlys på Loggane. Med Loggane og Byrkjelo stadion har Gloppen vore vertskap for landslagssamlingar kvart år sidan 2013. I tillegg til våre eigne utøvarar har fleire elevar frå andre kommunar søkt seg til Firda vgs for å kunne trene i kastmiljøet her.
Jørund har vore ein ildsjel og engasjert bidragsyter i kastmiljøet i Gloppen i over 30 år! Han blir beskrive som kunnskapsrik og genuint interessert i å utvikle utøvarar innan friidrett-og kastmiljøet på lokalt og nasjonalt nivå. Som ung var han aktiv sjølv, og veit kor viktig det er at nokon bryr seg. Jørund er ein stor motivator og pådrivar. Han er eit oppslagsverk i beste noteringar og resultat, og søker alltid ny kunnskap. Jørund har ein eigen evne til å sjå potensiale i folk, og veit kva som må til for å utvikle utøvarar. Han er alltid tilstades på trening, og kjem ein tidlegare utøvar heim på ferie, så stiller Jørund sjølvsagt på.

Vi gratulerer Thomas Mardal og kastmiljøet i Gloppen v/Jørund Årdal med kulturprisen 2025!

To verdige vinnarar av kulturprisen. Thomas Mardal og Jørund Årdal Siv K H