Gloppen fekk over 5 mill i spelemidlar i 2025

Gloppen fekk ein overraskande stor sum i spelemidlar i 2025 på heile 
kr 5 561 000. Dette gav oss eit etterlengta jafs ned på lista over anlegg som venta på utbetaling av spelemidlar. Heile ni prosjekt fekk utbetaling, og er no ute av ventelista.

Gloppen padleklubb fekk endeleg utbetalt spelemidlar for naustet dei har etablert på Elvaneset. Birte Fossheim

Dei prosjekta som blei tildelt spelemidlar i 2025 var:

Tildelte spelemidlar 2025
Prosjekt Eigar Utbetaling
Elvaneset båthus og brygge Gloppen padleklubb 1 004 000
Høgdene skianlegg, skiløype Hyen idrettslag 445 000
Myklebustflata, kunstgrasdekke og belysning Gloppen kommune 1 456 000
Trivselsskogen, lager Trivselsskogen SA 225 000
Trivselsskogen, 2 gapahuker på TIN-camp Trivselsskogen SA 300 000
Byrkjelo stadion, friidrettanlegg Gloppen kommune 240 000
Reed stadion, idrettshus/garderobar Gloppen kommune 1 000 000
Utvikfjellet, skiløype Breimsbygda IL 400 000
Nordstranda skule, klatrepark Gloppen kommune 491 000
Sum 5 561 000

 

Desse anlegga ventar på spelemidlar

Kommunestyret godkjenner i desember kvart år, ei prioritert liste over anlegg som søkjer om spelemidlar. Stor sett blir nye søknader lagt til i botnen av lista, men politikarane kan justere prioritering på lista. Etter tildelingane som blei gjort i 2025, så står desse anlegga igjen på ventelista:

Anlegg som ventar på spelemidlar 2025
Anlegg Eigar Søknadssum
Vereide stisykkelsenter, fase 2. Ikkje godkjent søknad i 2025 Gloppen kommune 1 575 000
Bukta skytebane, 100 m Indre Gloppen skyttarlag 516 000
Idrettsplassen på Sandane TH Eigedom 5 834 000
Utvikfjellet Snowpark Breimsbygda Skisenter 1 000 000
Sandane golfpark, klubbhus Sandane golfklubb 1 800 000
Sum 10 725 000