Generasjonsleikane blir også gjennomført i fleire land.
Laura Vanzo
Det er Senter for et aldersvennlig Norge som står bak Generasjonsleikane som i år blir gjennomført i nærare 60 kommunar over heile landet.
- Vi syntes dette høyrdes så artig ut og har eit konsept som passar oss i Gloppen godt, så vi berre måtte melde oss på, seier kultursjef Birte som er koordinator her i kommunen. Kommune og frivillige samarbeider allereie i dag om møteplassar som skal bidra til mangfald, inkludering og god folkehelse. Landsbylaurdag, Open hall og Open skog er døme på slike arenaer. Vi har slik sett gode arenaer til å gjennomføre Generasjonsleikane på.
Lag med minimum to generasjonar
I år blir det ein «generasjonsleik-pilot» her i kommunen. Vi har valt å gjennomføre leikane inne i Trivselshallen første helga i haustferien. Det er lagt opp til rundt 10 ulike aktivitetar, og alle skal kunne delta uansett fysiske føresetnader. Laga som deltek skal ha minimum to generasjonar. Det treng ikkje vere eit «familielag». Her kan ein invitere med seg ein god nabo, venner eller kollaga.
Ikkje påmelding – berre møte opp i tidsrommet mellom kl 12 – 15
De melder på lag når de kjem i Trivselshallen. Om det ikkje er to generasjonar på laget ditt, så hjelper vi med å sette saman lag. Her skal vi få løyst latter og ha det fysisk gøy i lag gjennom samarbeid, og det er ikkje fokus på å vinne. Håpar mange besteforeldre, foreldre og naboar er sporty og stiller på i leiken i lag med dei unge!
Alle laga får utdelt poengskjema som de krysser av for aktivitetar laget har gjennomført. Og så får alle på laget premie til slutt!
Det er gratis å delta, og det vert open kiosk i Trivselhagen der ein kan få kjøpt mat og drikke.
Vi gledar oss stort til ein aktivitetssøndag med mykje latter og moro for store og små!